Korleis det starta

Jan-Rolv Loftesnes etablerte butikken i 1987 med god hjelp frå familien. I nesten fire tiår var Loftet eit samlingsstad for musikarar i Sogn. Grunnleggjaren var kjend for djup fagkunnskap og alltid tid til kundane.

Utvalet omfatta strengeinstrument med spesiell fokus — gitarar, bassar, tangentar, lydanlegg, perkusjon og tilbehøyr. Folk kom for å prøve, spørje om råd, eller berre slå av ein prat om musikk.

Loftet-bygget i Sogndal sentrum

Loftet i dag

No driv Pål Olav og Silje Loftesnes vidare som Loftet Musikk AS. Ikkje heilt likt som før, men med same grunnideen: gode instrument, ærleg rettleiing, og tid til folk.

Me har ikkje faste opningstider. I skuleferiane opnar me dørene i gamle Olsenbui for pop-up-sal. Ellers sel me ved avtale — send ein e-post, so finn me ut av det.

Me sender over heile Noreg. Vil du prøve før du kjøper? Stikk innom neste pop-up, eller gjer ein avtale.

Kontakt

E-post: post@loftet.no

Adresse: Sogndal sentrum (sal ved avtale og arrangement)