Musikkinstrument i Sogndal sidan 1987
Loftet har hjelpt folk finne tonen sin i snart 40 år.

Påskeope på Loftet
Påska betyr opne dører i gamle Olsenbui! Måndag–onsdag 30. mars – 1. april, kl 11–15. Velkommen innom!
Sogndal
Sal ved avtale og arrangement
Sending
Over heile Noreg
Jan-Rolv starta Loftet i 1987. I nesten førti år var butikken ein fast del av Sogndal — ein stad der folk kom for å prøve gitarar, spørje om munnspel, eller berre slå av ein prat om musikk.
No driv Pål Olav og Silje vidare. Ikkje heilt likt, men med same grunnideen: gode instrument, ærleg rettleiing, og tid til folk.
Les meir om oss →Me har ikkje faste opningstider. I skuleferiane opnar me dørene i gamle Olsenbui for pop-up-sal. Ellers sel me ved avtale — send ein e-post, so finn me ut av det.
Me sender over heile Noreg. Vil du prøve før du kjøper? Stikk innom neste pop-up, eller gjer ein avtale.
«Pål Olav og Silje gjer det på sin måte» — Sogn Avis om Loftet og vegen vidare.
Kva me har
Me vel ut kvart instrument sjølve. Gitar, munnspel, ukulele — me har det meste for deg som vil spele, anten du er fersk eller har halde på i årevis.
Nettbutikk er på veg. Inntil vidare — send oss ein e-post so hjelper me deg.